Fokus i oppvekstsektoren 2020-2025

Det er laget ein oppvekstplan for 2020-2025. Målet med oppvekstplanen er å bistå barn og familiar på best mogleg måte, me skal ivareta barna sitt behov for omsorg, leik, læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Planen er laget for at dei som er tilsette i sektor for oppvekst og utdanning og arbeider direkte med eller tilknytig til barne og unges oppvekst.

Det er lagt opp til 9 fokusområder. Ved å ha ein felles plattform, med felles fokusområder og se på alle tenestene i oppvekstsektoren i heilskap ynskjer me å sikra gode tenester med høg kvalitet for innbyggjarane.

TIDLEG INNSATS

For einskildmenneske og for familiar kan tidleg innsats ha stor tyding for resten av livsløpet.  Tidleg innsats vil seia at ein grip inn i livet til eit barn så snart ein oppdagar at utfordringa oppstår og blir avdekka, både tidleg i alder og tidleg inngrepen når ein har ein uro. Dei tilsette som arbeider med barn og unge skal ha:

  • Fokus på tidleg innsats for alle barn
  • nedskrivne rutinar som skal sikra at barn og unge med behov for hjelp/tilrettelegging blir identifisert tidleg og får eit betre samordna hjelpetilbod
  • dokumentert samarbeid mellom verksemdene i oppvekst og helse der samarbeid er nødvendig til det beste for barn og unge
  • Verksemdene har årshjul/årsplanar med:
    • Praksis for kartlegging
    • Tett foreldresamarbeid
    • BTI

SAMHANDLING RUNDT UTSETTE BARN OG UNGE - FOKUS PÅ ARBEIDSMETODIKKEN BETRE TVERRFAGLEG INNSATS - (BTI)

Ullensvang kommune har valt å satsa på arbeidsmetodikken Betre Tverrfagleg Innsats (BTI).  BTI bidrar til at barn og unge kan få nødvendig og samordna hjelp så tidleg som mogleg for å unngå skeivutvikling og redusera skade. Brukarane blir involverte i heile prosessen, så langt det er føremålstenleg. Som tilsett er du pålagt å handla om du opplever ei uro knytt til eit barn. Uro knytt til barn som t.d.  strir litt med lesinga og skrivinga, mistrivst på skulen eller i barnehagen, slit med å få vener, vegrar seg for å eta, gjer seg dårleg forstått, mobbar eller plagar andre eller manglar nokre ferdigheiter som ein normalt kan forventa i ein gitt alder. Eller kanskje opplever ein signal frå foreldra som gjer oss urolege for evna deira til å vera foreldre. Uroa tek me opp med næraste leiar og saman legg me ein plan for vidare arbeid.

BARN SKAL VERA IVOLVERT I DIALOG OG PROSESSAR SOM GJELD DEI

Barn har rett til å bli høyrde i saker som gjeld dei. Meininga til barn skal bli vektlagt i tråd med barnet sin alder og mogning, og meininga til barn har ei unik tyding uavhengig av andre sine meiningar og oppfattingar på barnet sine vegne. (Meld.st. 6 (2019-2020)).

Eit av fokusområda i oppvekstplanen er at barn skal vera involvert i dialog og prosessar som gjeld dei. Barnet sine meiningar skal vektleggjast. På kultur- og fritidsområdet må barn og unge sikrast høve til å delta i planlegging, utforming og styring av tilbod og aktivitetar.

Medverknad frå barn og unge kan skje gjennom ulike former for deltaking og ulik grad av påverknad.  Alle skulane i kommunen har elevråd der elevane har sin medverknad. Representantar frå elevråda er og med i Samarbeidsutval på skulane. Både offentlege organ og frivillige organisasjonar har klare utfordringar i å leggja til rette for auka medverknad frå barn og unge. Auka samspel mellom offentleg og frivillig sektor er nødvendig for å sikra ein god barne- og ungdomspolitikk.

Ullensvang kommune skal kvart år gjennomføra eit møte med Barn og unges kommunestyre (BUK). På møta i BUK blir søknadar om pengar frå den einskilde skule handsama. Søknadane kjem frå barnet og ungdommen til kommunen sjølv, gjennom representantane frå elevråd og skal koma skulane og barn og unge i lokalsamfunnet til gode.

Ullensvang kommune har eige Ungdomsråd etter kommunelova §5-12. Ungdomsrådet er eit medverknadsorgan som skal sikra brei, open og tilgjengeleg medverknad frå ungdom i alle saker som gjeld dei. Det skal vera mogleg for tidleg medverknad slik at ein kan sikra at ungdomsråda sin uttale får høve til å påverka utfallet av saka, dei har rett til å uttala seg i alle saker som gjeld ungdom.

FOKUS PÅ FORELDRESAMARBEID

For å kunna trivast og ha best moglege føresetnader for å læra og utvikla seg i barnehagen og på skulen treng barna og elevane støtte frå foreldra sine. I følge Barnelova §30 er det foreldrene som har hovudansvaret for barnet si oppseding.

Barnehage og skule er viktige arenaer i livet til barn og unge og må ha fokus på å involvera, informera og samarbeida med foreldre/føresette. Dei alle og dei andre verksemde har system og rutinar for gjensidige forventningar mellom teneste og heim. Samarbeidet med foreldra skal organiserast av verksemda på ein slik måte at foreldra kan delta og bidra, uavhengig av bakgrunn og føresetnader.

Skule og barnehage utarbeider årsplanar der eit konkret og planmessig samarbeid mellom barnehage/skule og heimen er synleggjort.

GOD OPPSTART OG TRYGGE OVERGANGAR

Ein stor del av alle barn mellom eitt og fem år går i dag i barnehage i Ullensvang kommune, og tiårig grunnskule er obligatorisk for alle barn i skulealder. Barnehage og skule er på denne måten viktige sosialiseringsarenaer i livet til barn.

Overgangar er viktige steg i barn og unge sine liv. Kommunen har plan for overgangar frå barnehage til videregåande opplæring. Planane fokuserer på at overgangane skal vera trygge og gode og ivareta behovet til det einskilde barnet (Fokusområde 5).

Ein stor del av alle barn mellom eitt og fem år går i dag i barnehage i Ullensvang kommune, og tiårig grunnskule er obligatorisk for alle barn i skulealder. Barnehage og skule er på denne måten viktige sosialiseringsarenaer i livet til barn.

Alle overgangar, frå ein arena til den neste kan vera kritiske for barn. Alle barn som byrjar i barnehage eller skule skal ha ein trygg, god og planlagt oppstart. Oppstarten skal vera trygg og god både for foreldre, barn og dei tilsette som skal samarbeida med heimen. Ved behov har helsestasjon og barnehage samarbeidsmøte ved oppstart i barnehagen. Skulehelsetenesta bør vera med der det er naturleg på overføringsmøte rundt einskilde barn i skulen. Det skal vera god samanheng ved overgangane i utdanningsløpet

I Ullensvang kommune skal alle barnehagar ha gode nedskrivne rutinar for tilvenning. Det skal og vera ein fast plan for:

  • overgang frå barnehage til skule
  • overgang frå barneskule til ungdomsskule
  • overgang frå ungdomsskule til vidaregåande skule.

Mange kan oppleva overgangen til vidaregåande skule som krevjande. Ungdomsskulane i Ullensvang skal derfor ha ein god rådgivings- og rettleiingsteneste i overgangen frå ungdomsskule til vidaregåande. Ved behov er det samarbeidsmøte/overgangsmøte for einskilde elevar ved overgang frå ungdomstrinn til vidaregåande.

I 2018 fekk barnehagen, skulen og SFO ei lovfesta plikt til å samarbeida for å sikra barna ein best mogleg overgang frå barnehage til skule (bhl §2a, oppl §13-5), skuleeigar har hovudansvaret for dette samarbeidet.

BARNA OPPLEVER EIT TRYGT; GODT OG INKLUDERANDE LÆRINGSMILJØ

Inkludering i eit fellesskap, vennskap og leik med jamaldra styrkar sosial og personleg utvikling og allmenn velvære til barn og unge. Me har i dag vorte meir merksame på kor viktig den sosiale kompetansen til barn er for å bli verdsette av venner. Alle skal kunna føla seg trygge og viktige, og oppleva at dei har ein naturleg plass i fellesskapet.

Barnehage, skule og SFO er dei viktigaste fellesarenaer for barn og unge i ei tid prega av stadig raskare endringar og aukande mangfald i samfunnet. Mangfald er verdifullt og det gjev barna og elevane høve til å utvikla toleranse og respekt for at me er ulike. Inkludering handlar om at alle barn og elevar skal oppleva at dei har ein naturleg plass i fellesskapet. Dei skal føla seg trygge og kunne erfara at dei er viktige. Eit inkluderande fellesskap omfattar alle barn og elevar, mellom anna menneske med levekårsutfordringar, menneske med funksjonsnedsetjing, integrering av fleirkulturelle, seksuell orientering og kjønnsidentitet, ulike livsyn-/trusretningar osb.

Inkluderande fellesskap i barnehagar og skular gjev grunnlag for å ta vare på mangfaldet og vidareutvikla demokratiet. Dette treng dei å læra i samspel med andre barn, unge og vaksne.

TILRETTELEGGING OG TILPASSA OPPLÆRING

Når det er behov for tilrettelegging eller oppstår nye behov undervegs i utdanningsløpet, skal barn og elevar få rask hjelp og tilrettelegging for å unngå at utfordringar veks seg større eller at den positive utviklinga stoppar opp. Det er viktig for at den enkelte skal oppleva seg som ein verdifull del av fellesskapet og ha høve til utvikling og læring. Barn og unge er ulike med omsyn til bakgrunn og interesser, erfaringar og føresetnader, og dei utviklar seg i ulikt tempo.

Det er viktig at barnehagane har rutinar for oppfølging og samarbeid, slik at dei best mogleg kan leggja tilrette for barna og deira føresette. Kommunen må arbeida for å leggja til rette for at alle barn får eit fullverdig og likeverdig tilbod med tilpassa opplæring.

Lærarane skal tilpassa opplæringa til ulike elevar og situasjonar og ha positive forventningar til utviklinga til alle elevane, både fagleg og sosialt. Nokre barn og unge har utfordringar som gjer at dei treng ekstra hjelp og støtte. Andre har spesielle evner eller høgt læringspotensial innanfor eitt eller fleire fag. Det inneber at grunnskulane må tilpassa tilbodet slik at det tek vare på barna og dei ulike føresetnadene til elevane.

Skulane i Ullensvang kommune skal leggja vekt på å arbeida metodisk i klasserommet der det lar seg gjera, i staden for spesialundervisning ut av klasserommet i små grupper/åleine. Skulane skal arbeida for å undervisa innanfor rammene av ordinær undervisning med styrking for elevar som treng det. Kollegaer meistrar utfordringar saman, evaluerer eigen praksis og vidareutviklar verksemda på grunnlag av aktuell forsking.

Barnehage og skule må tenka på universell utforming, det handlar om å utforma omgjevnadane slik at me tek omsyn til variasjonen hjå barn og unge, og personar med nedsett funksjonsevne. Universell utformings-gruppa i kommunen bør nyttast for råd og rettleiing i oppvekst for å sikra like sjansar trass i ulike utfordringar hjå barna.

Ullensvang kommune har fokus på digitalisering, læring på digitale flater og chromebook til alle elevar i grunnskulen. Dette gjev rom for tilrettelagt opplæring og eit høve til å gje barn og unge like sjansar sjølv om dei har ulikt utgangspunkt. Digitale evner er ein av dei fem grunnleggjande evnene som skal utviklast gjennom heile grunnopplæringa. Stor informasjonstilgang, digital informasjons- og kommunikasjonsteknologi og høg grad av skriftleg framstilling i samfunnet gjer det avgjerande for elevane å meistra grunnleggjande evner i lesing, skriving, rekning og dessutan digitale evner. Å kunne gjera kritiske vurderingar og bruka digitale medium på ein sikker måte er ein sentral del av dette.

KJENNSKAP TIL UTARBEIDDE RUTINSR; PLANAR OG HANDBØKER

Ullensvang kommune har sterkt fokus på kompetanseheving for å utvikla ei felles forståing og eit felles språk i arbeidet med barn og unge. Ved å heva kompetansen til dei tilsette vil me og betre kunne sikra tidleg innsats. (Fokusområde 8 og 9).

I sektor for oppvekst og utdanning er det utarbeidd ei rekkje planar, rutinar og handbøker. For at alle som arbeider med barn og unge skal ha same utgangspunkt, og i samarbeid kunna forventa det same frå dei ulike verksemdene, er det viktig at alle kjenner til og følgjer opp planar, rutinar og handbøker. Desse er retningsgjevande for arbeidet i verksemdene. Verksemdene skal ha eit system/årshjul for å halda seg orienterte ift dei ulike planane, rutinene og handbøkene som finst.

Dette er planar som til dømes:

  • spesialpedagogisk handbok
  • verktøykassar
  • tiltaksplan
  • Foreldre som ikkje bur saman
  • Handlingsplan mot mobbeatferd
  • Lese for livet
  • SOL
  • Plan for minoritesspråklege barn i barehage
  • Plan for opplæring av minoritesspråklege elevar
  • Uro rundt fråvær
  • Planar for overgangar
  • mm

FOKUS PÅ KVALITET OG TILSETTE MED RETT KOMPETANSE I OPPVEKST OG UTDANNING

Framover vil det bli viktig å ha eit sterk fokus på kompetanseutvikling i Ullensvang kommune. Planar og strukturar for fagleg oppdatering og vedlikehald av kompetanse er nødvendig for å sikra ei god teneste i alle verksemdene. God fagkompetanse og eit godt tverrfagleg samarbeid medverkar til at me blir betre i stand til å ta vare på barn og elevar med behov for særskild tilrettelegging.

Tenestene i oppvekst og utdanning skal saman bidra til at barn og unge får ein god oppvekst. Eit godt tverrfagleg samarbeid er med på å byggja eit godt lag rundt barna og elevane. Arbeidsmetodikken Betre Tverrfagleg innsats (BTI) er eit felles satsingsområde i oppvekst og utdanning. Verksemdene må i planperioden auka kompetansen på BTI ved systematisk arbeid over tid.

Ullensvang kommune har 13 barnehagar og 10 grunnskular, dei har fokus på eit trygt og godt psykososialt miljø. Barnehagane og 3 av skulane vil framover nytta Udir sin kompetanseutvikling “Inkluderande barnehage og skulemiljø.” Kommunen har og barnehagar som nyttar regional kompetanseheving i dette arbeidet. Opplæringa skal medverka til å auka dei vaksne sin kompetanse i å førebyggja, avdekka og handtera mobbing i barnehage og skule.

Skulane er og inne i ein periode med høgt fokus på fagfornyinga. Eit samfunn i endring krev òg ein skule som fornyar seg. Fagfornyinga skal gi eit læreplanverk som førebur elevane på framtida. Faga skal få eit meir relevant innhald og tydelegare prioriteringar, og samanhengen mellom faga skal bli betre. I tillegg vil han gi det breie danningsoppdraget til skulen ein tydelegare plass i skulekvardagen. Dette er eit langsiktig arbeid som trer i kraft ved skulestart 2020 og som byggjer vidare på Kunnskapsløftet.

Alle verksemdene skal ha plan for, og leggja til rette for, at dei tilsette kan auka kompetansen over tid. Dette kan gjerast ved vidareutdanning, kurs, fagdagar, systematisk arbeid over tid med læringsmiljø, vaksenrollen, tidleg innsats, auka kompetanse på BTI mm.

Kommunen bør ha ein plan for å rekruttera psykolog og helsesjukepleiare i perioden for oppvekstplan 2020-2025.