Samhandlingsarenaer for barn, unge og familiar

Tilsette i Ullensvang Kommune samhandlar på ulike arenaer for våres barn, unge og familiar.
Møta blir arrangert mellom ulike fagpersonar og tenester.

Dette er både systemmøter og samhandlingsmøter.

  • Systemmøter er møter der tema er generelle problemstillingar, fagtema, organisering m.m
  • Samhandlingsmøter er møte der ein samhandlar kring eit enkeltmenneske eller enkelte familiar.

Skulehelseteam

Kven deltar?

Ansvarleg:Rektor

Helsesøster, barnevern, kommunepsykolog og PPT (sosiallærer). Andre instansar ved behov.

Oppgåve

Sikre god kontakt mellom tjenestene. Skulen drøftar utfordrande problemstillingar på systemnivå med dei ulike fagpersonane som deltar. Dersom det er ei sak på individnivå skal ein få samtykke frå foreldre, og foreldre skal få høve til å delta i møtet.

Barnehageteam

Kven deltar?

Ansvarleg:Styrar

Pedagogisk leiar, PPT, helsestasjon, kommunepsykolog, barnevern og andre instansar ved behov.

Oppgåve

Sikre god kontakt mellom tjenestene. Drøfte saker og få veiledning i forhold til enkeltsaker. Barnehagen drøftar utfordrande problemstillingar på systemnivå med dei ulike fagpersonane som deltar. Dersom det er ei sak på individnivå skal ein få samtykke frå foreldre, og foreldre skal få høve til å delta i møtet.

God skulestart

Kven deltar?

Ansvarleg:Koordinator

Rådgiver ved PPT, helsesøster, ergoterapeut og fysioterapeut i samarbeid med administrasjon og pedagogisk personell i skolen

Oppgåve

Bidra til å skape ein best mogleg skulekvardag for alle ved å observere og avdekke utfordringar på gruppe og individnivå. Foreslå og setja igang tiltak i løpet av det første skuleåret til elevane.

God skulestart er eit tverrfagleg førebyggjande arbeid retta mot alle 1. klassingar.

(Avventar avklaring om evntuelle endringar frå hausten 2020)

Konsultasjonsteam vald og seksuelle overgrep

Kven deltek?

Ansvarleg:Koordinator

Eit interkommunalt team som er breitt samensett med representantar frå Kvinnherad og Hardanger. Tjenestane helsestasjon, politi, lokal barnevernsteneste, familievernkontoret PPT og krisesenteret.

Oppgåve

Tilsette i stat og kommune som arbeidar med barn og unge, og som har ei bekymring om dei kan vera utsatt for vald eller seksuelle overgrep, kan drøfta bekymringa anonymt med konsultasjonsteamet. Dette er eit lavterskeltilbod. Alle som har ei bekymring og er usikker på korleis ein skal håndtere bekymringa kan ta kontakt for å tryggjast i ei vidare oppfølging av barnet/ungdomen.

Konsultasjonsteamet har som mål å fremme gode lokale samarbeidsformar i saker der det er mistanke om vald eller seksuelle overgrep.

Sped- og småbarnsteam

Kven deltar?

Ansvarlig: Leiande helsesøster

Helsesøster, PPT, barnevern, kommunepsykolog, BUP, politi, DPS.

Oppgåve

Sikre ivaretakelse av små barn som ikkje alltid synar eit tydleg sett av symptomar. Teamet skal sjå og oppdaga små barn i risiko, og sikre god dialog mellom instansar, og at barna og familiane får den dei treng uavhengig av hjelpeinstans. Teamet har møte to gonger pr. halvår.

Møte for koordinerande eining

Kven deltar?

Ansvarleg:Systemkoordinator

Helsestasjon, fysio-/ergo, rus/psykisk helse, bolig for utviklingshemmede / avlastning, tildelingskontor og PPT.

Oppgåve

Koordinere tenestar og har det overordna ansvaret for arbeidet med IP, samt fordele , lære opp og veilede koordinatorar. Alle som har behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester, har rett til å få utarbeidd ein individuell plan.

Koordinerande eining har møte ca. tre gonger pr. halvår.

Samhandlingsteamet

Kven deltar?

Ansvarleg:Koordinator

Tilsette i NAV, rus og psykisk helse og Folgefonn DPS.

Oppgåve

Samhandlingsteamet er eit tverrfagleg samansett team, frå kommunane og spesialisthelsetenesta. Eit team du kan ta kontakt med om du er bekymra for nokon du kjenner som rusar seg eller er psykisk sjuke, og du er usikker på kor du kan henvenda deg. Både privatpersonar og tilsette i ulike tenester kan ta kontakt. Alle sakar vert drøft anonymt, sa sant det ikkje finst signert samtykke.

Kontaktperson Synnøva Sæbø, Telefon: 907 19 488

E-post:synnova.sebo@ullensvang.kommune.no

Tidleg ute

Prosjektet er gått over i drift og det vil komma endringer.

Pr. 01.01.2020 er følgjande informasjon gjeldande:

Kven deltar?

Ansvarleg:Prosjektleaiar NAV og Styringsleiar Oppvekstsjef

Hardanger barnevern, Hardanger Lennsmannsdistrikt og NAV Styringsgruppe:SLT

Oppgåve

Tidleg ute er eit prosjektforebyggjande arbeid med jevnlige evaluerings-/samarbeidsmøte innover i prosjektet og knytt til SLT- samlingane. Tidleg ute skal bidra til at hjelpetiltaka er fornuftige og føremålstenlege. Er det behovet for oppfølging skal alle partar bidra til at dette vert tilbode.

SLT

Kven deltar?

Ansvarlig: SLT-koordinator

Politi, folkehelsekordinator, ungdomskontakt, helsestasjon, rektor Odda vgs, NAV, Rus og Psykisk helse, Hardanger barnevern, kommunalsjef oppvekst og utdanning.

Oppgåver

SLT står for Samordning av lokale rus og kriminalitetsførebyggande tiltak. SLT-modellen skal samordna rus og kriminalitetsførebyggande tiltak for barn og unge. Målet er at barn og unge i kommunen skal få riktig hjelp til riktig tid, av eit hjelpeapparat som samarbeider godt på tvers av etatar og faggrupper.

Det er mange, både enkeltpersonar og offentlege instansar som bidreg i dette arbeidet. Modellen skal sørge for å koordinera kunnskap og ressursar mellom politi og relevante kommunale verksemder. Også næringsliv og frivillige organisasjonar høyrer med i dette nettverket.

Når sektorane møtast regelmessig for å utveksla kunnskap og erfaringar, og blir kjend med kvarandre sine arbeidsmåtar og kulturar, blir det enklare å driva målretta førebygging. Når signal vert fanga opp, kan tiltak settast inn tidlegare, meir presist – medan faren for dobbeltarbeid og overlapping vert redusert.