Hardanger Interkommunale barnevernteneste er felles barnevernteneste for Ullensvang og Eidfjord kommune.
Barnevernet skal vera ein garanti for at alle barn og unge blir sikra omsorg, tryggleik og utviklingsmoglegheiter. Dei skal beskytte barn mot omsorgssvikt og motvirke at barn lir fysisk og psykisk overlast. Barnevernet sitt arbeid er ei blanding av støtte og kontroll. Det skal gi hjelp og støtte slik at heimen kan klare sitt oppdragaransvar, men dei har og plikt til å gripa inn dersom støtta ikkje nyttar.
BUP (barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk) på Stord gir eit spesialisert helsetilbod til barn og unge (0-18 år) med psykiske utfordringar og deira pårørande.
Tilbodet består av utgreiing, behandling og saman med kommunale instansar forebyggje utvikling av psykiske lidingar hos barn og unge. Våre ansatte har ulik utdannings- og erfaringsbakgrunn og gir tilbod ut i frå tverrfagleg teamarbeid.
BUP Stord har utekontor i Odda.
Ullensvang kommune har familiekoordinator som kan vera éin kontaktperson inn til hjelpeapparatet. Familiekoordinatoren skal sikra rett hjelp til rett tid, til både barn og vaksne i deltakarfamiliane. Familiekoordinatoren organiserer innsatsen rundt heile familien, og skal sjå heile behovet til familien under eitt og kan vera med å laga ein plan for familien og følgje denne opp.
Målgruppe: Målgruppa til familiekoordinatoren er familiar med låg inntekt der barna har risiko for å utvikla helseutfordringar og utenforskap.
Familiane blir rekrutterte gjennom NAV, helseteneste, oppfølgingsteneste, barnevernsteneste, skule, barnehage eller helsestasjon.
Familievernkontoret er eit gratis lågterskeltilbod, der par, familiar og enkeltpersonar kan ta kontakt sjølv om det er problem eller krise i familien.
Hjelpeapparatet/tilsette i skule/barnehage kan òg visa til oss, men i samråd med dei det gjeld. Du treng ikkje tilvising for å komma til Familievernkontoret og kan ta direkte kontakt.
Du kan ta direkte kontakt med eit familievernkontor, og alle dei tilsette har teieplikt. Samtaleterapi for par og familiar er det vanlegaste tilbodet. Familievernkontoret tilbyr òg kurs og gruppeopplegg om aktuelle familie- og samlivstema. Familievernkontoret utfører obligatorisk mekling.
Helsestasjontenesta driv førebyggjande og helsefremjande arbeid i kommunen, særleg retta mot barn, unge og føresette. Tenesta er eit lågterskel tilbod, som vil seie at ein kan ta kontakt ved behov, enten via telefon eller kome innom. Her kan ein få råd og rettleiing kring barns vekst og utvikling. Helsestasjonen samarbeider m.a med fastlege, fysioterapeut, barnehage, psykisk helseteneste, PPT og barnevern.
Helsestasjon for ungdom – HFU er eit gratis tilbod til jenter og gutar i alderen 13 – 23 år. Her treff du helsesjukepleiar og turnuslege – me er helsepersonell og har teieplikt.
Kven kan koma?
HFU er for ungdom mellom 13 og 23 år . Det er inga timebestilling; du kan berre møta opp, ta med deg ein ven om du vil.
Ynskjer du å avtala tid før du kjem gjer du dette ved å senda melding til oss på mobil eller e-post.
Er du over 23 år må du ta kontakt med din fastlege.
Ved sjukdom må du kontakta fastlegen din.
Kva kan du få hjelp til på HFU?
- Rettleiing om seksuell helse
- Prevensjonsrettleiing og tilgjengeleg og sikker prevensjon
- P-stav , innsetjing og fjerning
- Testing og behandling av seksuelt overførbare infeksjonar
- Samtalar om psykisk helse
- Samtalar om det ungdom ynskjer å snakke om
Jordmortenesta/svangerskapsomsorga i kommunen er eit tilbod til alle gravide og deira partnare.
Du kan sjølv velja om du vil gå til jordmor, fastlege eller ein kombinasjon av desse under svangerskapet.
Konsultasjonar inneheld:
- helseundersøkingar
- blodprøvetaking
- samtalar
- informasjon
- rettleiing
Konsultasjonsteamet er eit låg terskel-tilbod til alle som har ei uro knytt til om eit barn kan vera utsett for vald eller seksuelle overgrep.
Det er ønskeleg at dei som er usikre på korleis dei skal handsama uro knytt til om eit barn kan vera utsett for vald eller seksuelle overgrep, tar kontakt for å bli trygga i vidare oppfølging av barnet/ungdommen.
Det ligg statlige føringar bak opprettinga av konsultasjonsteamet, der målet er å fremja gode lokale samarbeidsformer i slike saker. Teamet kan gi råd, rettleiing og støtte i det som er vanskelege saker.
Konsultasjonsteamet dekker kommunane; Kvinnherad og Ullensvang. Meir informasjon om konsultasjonsteamet på du på Kvinnherad sine sider.
Koordinerande eining skal ha oversyn over det kommunale habiliterings- og rehabiliteringstilbodet og skal kunne hjelpe deg med informasjon, og/eller å setje i gang og samordne hjelpetiltak.
Krisesenteret tilbyr beskyttelse, tryggleik, råd og rettleiing til alle kvinner, menn og barn som er utsette for vald eller truslar i nære relasjonar. Du treng ikkje vere i ei akutt krise for å få hjelp på krisesenteret. Krisesenteret tilbyr ikkje hjelp til valdsutøvaren.
Du kan ta direkte kontakt med eit krisesenter, og alle dei tilsette har teieplikt. Vi kan blant anna tilby deg:
- Eit menneske som lyttar til det du vil fortelje
- Informasjon om rettar, råd og rettleiing på telefon eller ved oppmøte
- Eit mellombels tilbod om ein stad å bu for deg og barna dine.
- Hjelp til å få kontakt med lege, advokat, politi, sosialkontor eller andre hjelpeinstansar
Krisesenteret vil, i samarbeid med deg, vurdere kva som skal til for at du skal være trygg på senteret. Dersom krisesenteret ikkje kan beskytte deg godt nok, skal kommunen og politiet saman finne ein stad å bu for deg.
Logopeden arbeider direkte med barn, unge og vaksne med språk-, tale- og kommunikasjonsvanskar. Tenesta arbeider indirekte i form av rådgjeving til føresette, barnehage og skule.
Logopedtenesta gjev flest tenester som tilpassa opplæring: på individniv og systemnivå.
Arbeidsområda til logopedtenesta:
- Språkforstyrringar (vanskar med språket)
- Språklydvanskar (vanskar med uttale/artikulasjon)
- Taleflytvanskar (stamming/løpsk tale)
- Stemmevanskar
- Vanksar med språk, tale og svelg etter erverva hjerneskader (t.d afasi, taleapraksi, dysartri og dysfagi)
NAV er ein viktig del av sikringsnettet i velferdsstaten. Dei skal bidra til at fleire kjem i arbeid og færre går på stønad, og samtidig sørgja for at dei som treng det, får rett yting til rett tid.
NAV sine tenester:
- Tenester retta mot arbeid
- Ytingar frå Folketrygda
- Sosiale tenester og ytingar
Det å vera merksam og å ta nokon førebyggande grep kan vera med på å avdekka eller hindra kriminelle handlingar. Politiet kan gi deg råd om kva du kan gjera.
Dersom det er noko ein er uroa for når det gjeld barn og ungdom, kan ein kontakte politiet i Hardanger. Der har ein ei førebyggjande eining i og ein politikontakt som er knytt opp mot vår kommune. Det er mogleg å snakke med desse om ein har nokon spørsmål.
PPT er ein sakkyndig faginstans med eit todelt mandat. Mandatet vårt er regulert i opplæringslova og barnehagelova, og omfattar både system- og individretta arbeidsoppgåver. PPT har eit system- og individperspektiv der vi ser desse to i samanheng og medverkar til ei heilskapleg tenking i barnehage og skule.
PPT har eit særleg ansvar for å støtta/hjelpa barnehage og skule i planlegging av tiltak for barn/unge med spesielle behov. Skule, barnehage og føresette kan kontakte og ev. tilvise/melde inn barn/elevar til PPT. PPT har eit lågterskeltilbud der dei kan gje rettleiing til barnehagen kring innsendt problemstilling.
Tenesta vår bidreg med
- Observasjon utgreiing av barn/unge og vaksne
- Rettleiing til barnehage, skule og føresette
- Utviklingsarbeid og kompetanseheving for barnehage og skule
- Sakkyndig vurdering
- Opplæringslova krev og sakkyndig vurdering i andre tilfeller. Dette gjeld vurdering av:
- Tidleg eller utsett skulestart
- Heilt eller delvis fritak for opplæringsplikta
- Behov for opplæring i teiknspråk
Menneske med psykisk lidingar og rusmiddelavhengigheit er målgruppa til tenesta. Tenesta omfatte førebygging, utredning og behandling av lettare angst og depresjon, rehabilitering, oppfølging, psykososial støtte og rettleiing.
Alle barn og unge i kommunen har krav på skulehelseteneste ved den skulen dei tilhøyrer. Skulehelsetenesta er ei forlenging av helsestasjonstilbodet og arbeider for å fremja barna si helse og trivnad, samt førebyggja sjukdom og skade. Tilbodet er gratis.
Hos helsesjukepleiar kan du spørje og snakke om det du lurer på. Du kan også ta kontakt dersom du har ein ven som treng hjelp.
Tilbod ved skulehelsetenesta
- Helseundersøkingar, helseopplysning og rettleiing, individuelt, i grupper eller klassevis
- Barnevaksinasjonsprogrammet
- Skulen og skulehelsetenesta jobbar tett sammen og har ansvar for å fylgja opp elevar med spesielle behov og tilretteleggja forholda best mogleg.
- Miljøretta tiltak med fokus på eleven sitt arbeidsmiljø
SLT er ein samordningsmodell for Lokale, førebyggande Tiltak mot rus og kriminalitet. SLT sikrar at dei ressursane som allereie finst hos kommunen og politiet blir meir samkøyrde og målretta. Modellen skal sørgje for å koordinere kunnskap og ressursar mellom politi og relevante kommunale einingar, men også foreldre, næringsliv og frivillige lag og organisasjonar.
Ungdomskontakt arbeider tett med skulane og er tilgjengelig for alle ungdomar i kommunen. Det er ingen krav om tilvising for å snakke med ungdomskontakt. Ring, send melding eller ta direkte kontakt med ungdomskontakt på skulen.