-

Tiltak frå førebyggjande helse

Jordmor, helsestasjon og skulehelsetenesta / HFU

Alle kjem i kontakt med førebyggjande helse og dei avdelingar som ligg under førebyggjande helse på ulike tidspunkt i livet. Tenesta har brei kompetanse på mange ulike tilstandar og kan mykje om ulike livssituasjonar som ein kan komma i. Dei kategoriane som er lista opp under er rettleiiande, dersom du lurer på noko ta kontakt med kontaktpersonen som er oppført.

Tiltaket:
Jordmortenesta fylgjer Nasjonale retningslinjer som anbefaler fyrste svangerskapskontroll rundt svangerskapsveke 6-12. Både fastlege og jordmor tilbyr tilvising til anbefalt ultralydundersøking mellom veke 18-20. Nasjonale retningsliner anbefaler vidare svangerskapskontroller rundt veke 24, 28, 32, 36, 38 og 40. Jordmor kan bidra med tilrettelegging av arbeidssituasjonen til den gravide under svangerskapet og kan søkje om svangerskapspenger ved behov.

Konsultasjonar inneheld: Helseundersøkingar, blodprøvar, samtalar, informasjon og rettleiing.

Tiltaket:
Helsestasjon kartlegg gjennom observasjon, samtaler, anamnese og ulike verkty. Det vert deretter gjort ei vurdering på kva ein tenkjer kan vera nyttig å gjera vidare. Kartlegginga kan vere målretta, på grunnlag av opplysningar frå samarbeidspartar, familien eller andre. Me kartlegg ressursar så vel som utfordringar, og innhentar informasjon frå både brukar og nettverk.

Alle barn 0 – 5 år får tilbud om regelmessige konsultasjoner på helsestasjonen. Tilbudet i helsestasjon 0 – 5 år bør følge et standardisert program med 14 konsultasjoner, inkludert et heimebesøk til nyfødte.

Me nyttar ulike verkty til undersøking av sansar, som t.d. audiometri (høyrsel), Leatavle (syn), Språk 4 og Sats 2 (språk, 2 år).

Tiltaket:
Skulehelsetenesta er ein forlengelse av helsestasjonstilbodet og arbeider for å fremja borna si helse og trivnad, samt førebyggja sjukdom og skade. Psykiske helseproblemer oppstår ofte i ung alder, og samtidig er ungdomsåra ein periode der det er lett å utvikle ugunstige levevaner.

Tiltak ved skulehelsetenesta omfattar:

  • Systemretta samarbeid med skulen
  • Helseundersøkingar, helseopplysning og rettleiing, individuelt, i grupper eller klassevis
  • Barnevaksinasjonsprogram
  • Skulen og skulehelsetenesta jobber tett sammen og har ansvar for å fylgja opp elevar med spesielle behov og tilretteleggja forholda best mogleg.
  • Miljøretta tiltak med fokus på eleven sitt arbeidsmiljø

Tilbod ved skulehelsetenesta:

  • Alle skuleborn få tilbod om ein helsesamtale og ein somatisk undersøking på 1. trinn med helsesjukepleiar og skulelege.
  • Ungdomsskuleelevar i 8. trinn får helsesamtale med helsesjukepleiar
  • Undervisning om seksuell helse, kosthold og ernæring, rusmidler, psykisk helse og deltek i undervisning i den grad skulen ynskjer dette

Andre tilbod:

  • Oppstart av program for skilsmissegrupper (PIS) er eit tilbod til elever som opplev samlivsbrot. Programmet ynskjer å møte borna sitt behov på deira premissar og på deira eigne arenaer.
  • Oppstart av Cool Kids, som er eit evidensbasert kognitiv atferdsterapeutisk program for behandling og forebygging av angstlidingar/angstsymptomer hos barn (7 – 12 år) og ungdom (13 – 18 år).
  • Er med i rettleiingsgruppa “Zippy” som er eit program fra 1. – 4. trinn som gjev auka livsmeistring og betre læringsmiljø.

Tiltaket:
Helsestasjon for ungdom – HFU er eit gratis tilbod til jenter og gutar i alderen 13 – 23 år. Her møter dei helsesjukepleiar og turnuslege/lege.

På HFU kan ungdomane få mellom anna;

  • Rettleiing om seksuell helse
  • Prevensjonsrettleiing og tilgjengeleg og sikker prevensjon
  • P-stav; innsetjing og fjerning
  • Testing og behandling av seksuelt overførbare infeksjonar
  • Samtalar om psykisk helse
  • Samtalar om det ungdom ynskjer å snakka om
  • Aktuell aldersgruppe: Foreldreveiledningskurs for foreldre med barn mellom 0-12 år
  • Omfang:
    • Circle of Security (COS), trygghetssirkelen, skal gje foreldre verkty til å forstå betre kva behov barn har, kva signal dei gjev og kva me kan gjere for å møta dei behova betre.
  • Kontaktperson: Psykiatrisk sjukepleiar og fagleiar helsestasjon

Tiltaket:
Trygghetssirkelen: Trygghetssirkelen hjelper oss til å sjå kva behov barna har for støtta frå foreldra både når dei utforskar verda og når dei opplever vanskelege kjensler.

«Være saman» i trygghetssirkelen: Barn lærer og utviklar seg i samspel med foreldre. Samspelet er grunnleggjande for korleis barn utviklar trygg tilknyting kjenslemessig.

Vegen til tryggleik: Tilgjengelegheita di som forelder påverkar måten ditt barn formidlar kjensler og behov.
Vanskelege situasjonar: Me vil gi dykk foreldre nokre reiskapar til samspel mellom dykk og barna når situasjonen kjem ut av kontroll. Me ser på balansen mellom det å vera tydeleg og samtidig vera ein god forelder.

Foreldra sine eigne erfaringar: Nokre gonger har me vaksne erfaringar frå eiga fortid som gjer at reaksjonar i notid kan bli «større» enn nødvendig. Me vil gi dykk nokre reiskapar til korleis de kan handtera dette.

Tiltaket:
Verktyet kan hjelpe born/ungdom med å takle vanskelege tankar, kjensler og situasjonar. Å lære seg å takle dette på gode måtar, vil kunne medverka til at borna opplev meir glede, meistring og tryggleik, slik at dei seinare kan unngå ulike vanskar. Målet med tiltaket er å hjelpe barn og unge til å identifisere, sortere og sette ord på tankar og kjensler. Slik kan me m.a. førebygge psykiske lidingar.

Psykologisk førstehjelp byggjer på hovudprinsippa i kognitiv terapi. Metoden vert også nytta i individuelle konsultasjonar/mindre grupper med skuleelevar.

Tiltaket:
Støtte til identifisering/verbalisering av kjensler. Trøyst, omsorg, alminneleg-gjering/ informasjon. Ofte hjelp til å sortere kjensler, avdramatisere uro og finne eigne mål og tiltak for å avhjelpe situasjonen.

Fagpersonalet har mykje kunnskap om normalitet, og kan bruke denne kunnskapen for å avdempe uro, så vel som å avdekke tilhøve som krev ekstra oppfølging og støtte. Psykologisk førstehjelp vert mykje nytta som metode i skulehelsetenesta (sjå eige tiltak). Hei spelet…….

Tiltaket:
I dette ligg ofte mykje motivasjonsarbeid, t.d. hjå born/ungdom som ikkje ønskjer involvering frå andre, eller psykisk sjuke foreldre som treng hjelp til å sjå barnets/familien sine behov. Helsestasjonen kan bidra til tilvising til andre aktuelle instansar som blant anna PPT og barnevern. Helsestasjon og skulehelseteneste jobbar førebyggjande, ikkje behandlande. Brukarar med klare, varige behandlingsbehov, skal visast vidare til fastlege eller spesialisthelseteneste.

Tiltaket:
Depresjonsmestring for ungdom (DU) er eit tiltak for ungdom i alderen 14 – 20 år med lette til moderate depresjonssymptom. Hovedmålet for tiltaket er å redusera symptoma, forebyggja utvikling av depresjon eller forebyggja tilbakefall.

Tiltaket:
Tankevirus er eit mestringskurs for ungdom som strevar med negative tankar.

Kurset er utvikla av norske psykologar og er basert på gruppeprinsiper frå metakognitiv og kognitiv atferdsterapi.

Tiltaket:
Edinburgh postnatal depresjonsskår (EPDS) er eit spørjeskjema som vert nytta for å oppdage kvinner med depresjon i svangerskapet eller etter fødsel. Jordmor eller helsesjukepleiar utfører samtalen basert på eit spørjeskjema som kvinnene fyller ut.

Skåren gjev grunnlag for vurdering knytt til behovet for utgreiing og eventuell behandling. Ved høg EPDS skår vert kvinnene vist vidare til fastlege eller DPS.

Tiltaket:
Ved å bruke NBO (Newborn Behavioral Observations) kan helsesjukepleiar sammen med foreldrene utforske hvilke områder spedbarnet kan trenge støtte fra foreldre og omgivelser på for å oppnå god tilpasning. Ved gjennomføringen av NBO kan ein i tillegg få eit inntrykk av foreldrenes styrker og strev i møte med det vesle barnet.

NBO er en utforskende og veiledende intervensjon. Sammen med foreldrene utforsker helsesjukepleiar barnets atferdstilstander og overgangene mellom disse.

Metoden bidrar forebyggende mot utvikling av psykiske vansker hos barnet og alvorlig skjevutvikling i samspillet mellom foreldre og barn.

 

Tiltaket:
ADBB er eit klinisk instrument utvikla for observere og måle sosial atferd og tidlege teikn på sosial tilbaketrekking. Det tar ca. 10 – 20 minutter å gjennomføra undersøkinga som danne grunnlaget for skåring av ADBB. Undersøkinga kan foregå i ein ordinær konsultasjon på helsestasjonen.

Vurderinga vert gjort innanfor åtta ulike områder;

  • ansiktsuttrykk
  • blikk-kontakt
  • generelt aktivitetsnivå
  • sjølvstimulerande rørsler
  • voklaisering
  • responshurtighet til stimulering
  • relasjon
  • attraktivitet
  • Gjeld nivå: 1 og 2
  • Aktuell aldersgruppe: 4 – 60 mnd.
  • Omfang: Fylles ut av eller saman med foreldre i ein konsultasjon
  • Kontaktperson: Helsesjukepleiar som fylgjer barnet. Vert og brukt i barnehage, og kan brukast av PPT og barneverntenesta

Tiltaket:
ASQ er foreldreutfylte skjema for kartlegging, og ein strukturert samtale om barns utvikling. Det er eit anerkjent verktøy for å kartleggje eit barns utvikling på ulike alderstrinn, for å identifisera utviklingsforseinkingar eller skjevutvikling så tidleg som mogeleg

ASQ er eigna som eit grunnlag for samtalar med foreldra og omsorgsgivara for å støtte barnet si utvikling. Verktøyet er validert for norske forhald i 2003.

  • Gjeld nivå: 1 og 2
  • Aktuell aldersgruppe: 6 – 60 mnd.
  • Omfang: Fylles ut av eller saman med foreldre i ein konsultasjon
  • Kontaktperson: Helsesjukepleiar som fylgjer barnet. Vert og brukt i barnehage, og kan brukast av PPT og barneverntenesta

Tiltaket:
ASQ:SE er eit supplement til kartleggingsverktøyet ASQ og tar for seg tema:

  • sjølvregulering
  • medgjerleg
  • kommunikasjon
  • tilpassingsdyktigheit
  • autonomi
  • affekt
  • samhandling med andre

Tiltaket:
SDQ er et kort spørreskjema for atferdsscreening av barn og ungdom.

Det er et selvutfyllingsskjema som skal kartlegge psykisk helse, vennerelasjoner og prososial atferd hos ungdom i alderen 11-16 år, og tar noen få minutter å fylle ut. Det er meningen at forskere, klinikere og pedagoger kan administrere og tolke SDQ.