Tiltak og tenester for barn og unge i kommunen

Jordmortenesta og svangerskapsomsorg

Jordmortenesta er del av helsestasjonstenesta i kommunen. Me har tilbod for gravide, barselkvinner/par og nyfødde spedborn. Den gravide står fritt til å velje oppfølging hjå jordmor og/eller fastlege. Me tilrår å kome til ein vegleiingssamtale med jordmor tidleg i svangerskapet, og deretter følgje svangerskapsprogram.

Me tilpassar oppfølging etter risikovurdering og individuelle behov. Målet er å styrkja det som bidrar til god helse, meistring og normal utvikling i svangerskapet, og å avdekke risiko slik at tiltak vert sett inn i rett tid.

Gjennom helsekontroll, helsesamtale, råd og rettleiing vil me gi støtte i svangerskap, fødsel og i tida med det nyfødde barnet. Dette er ei viktig tid i livet der glede og forventning er stor.Me vil gjerne bidra med kunnskap, og møte den gravide og hennar partnar på tankane dei har i situasjonen. Vår erfaring er at dette er ei tid der ein kan ha behov for nokon å snakke med, særleg dersom livssituasjonen er krevjande og bekymring og uro forstyrrar. Jordmortenesta kan også tilby hjelp til familieplanlegging og val av prevensjon.

Les meir om svangerskapsomsorgen og kontaktinformasjon

Helsestasjon for barn 0-5 år

Helsestasjonstenesta har ei sentral rolle i folkehelsearbeidet i kommunen, og arbeider både med psykisk/fysisk helse og sosiale forhold. Tilsette er helsesjukepleiare, lege, psykolog og merkantil. Arbeidet inneber m.a. heimebesøk til nyfødde, helseundersøking for sped- og småbarn, vaksinering, kartlegging, foreldrerettleiing og rådgjeving, støttande/motiverande samtaler, oppfølging og nettverksarbeid.

Me har fokus på rettleiing og støtte i spørsmål om barnets vekst og utvikling, og gjev råd i høve til tilknyting, kommunikasjon, samspel og trivnad. Me ønskjer å hjelpe born og familiar som opplever overgrep, vold, rus eller andre vanskelege heimeforhold.

Me samarbeider m.a. med fastlege, barnehage, psykisk helseteneste, PPT og barnevern, og tilviser vidare ved behov. Me har teieplikt, og samarbeid skjer etter samtykke frå føresette.

Tenesta driv førebyggande og helsefremjande arbeid. Dersom barnet er sjukt og treng behandling, skal ein nytte fastlegen sin. Helsestasjonen kan gje råd dersom foreldre t.d. er usikre på barnets symptom og behov for legevurdering. Febersjuke barn skal ikkje møte på helsestasjonen, men føresette kan ringe for rådgjeving.

Les meir om tiltak frå helsestasjon

Kontaktinformasjon

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta er eit tilbod til skuleelevar opp til 20 år.

God helse er utgangspunktet for trivnad, vekst og læring, og motsett kan skulemiljøet påverke helsa, både psykisk og fysisk. Dette er eit viktig grunnlag for arbeidet i skulehelsetenesta.

Elevane kan få råd og rettleiing, og me gjennomfører helseundersøkingar/helsesamtaler og vaksinasjonar på faste alderstrinn. Me tilbyr også samtale og oppfølging av elevar med ulike vanskar og utfordringar, og foreldrerettleiing til dei som ønskjer det.

Tenesta er eit lågterskeltilbod, og både elevar, føresette og tilsette i skulen kan ta kontakt utan avtale.

Helsesjukepleiar kan gje rettleiing i høve til vekst og utvikling, kosthald, hygiene/smittevern, seksualitet og samliv, psykisk helse, samspel foreldre-barn/ungdom m.m. Me kan også tilby støttesamtaler/motiverande samtaler for dei som har behov for det.

Etter kartlegging hjå helsesjukepleiar kan elevar bli tilvist andre hjelpeinstansar, t.d. fastlege, tannlege eller spesialist. Skulehelsetenesta samarbeider med fleire andre instansar, både i og utanfor skulen. Saman kan me identifisere og løyse helsemessige utfordringar. Samarbeid om namngjevne elevar skjer etter samtykke frå føresette /evt. eleven sjølv. Skulehelsetenesta tilbyr helseopplysning og undervisning til enkeltelevar og grupper/klassar, m.a. om tema som psykisk helse, pubertet, sex og samliv.

Les meir om tiltak frå skulehelsetenesta

Kontaktinformasjon

Helsestasjon for ungdom

Ved helsestasjon for ungdom kan ungdom få råd og rettleiing om alt som opptar dei. Her kan og gjes råd om å oppsøke andre hjelpeinstansar, som skulehelseteneste, barnevern, fastlege eller spesialist. Helsestasjonen er bemanna av helsesjukepleiar og lege.

Dei tilsette har teieplikt, og ungdom kan kome dit med alle typar spørsmål. Tilbodet er gratis, og ein kan koma utan timeavtale.

Målgruppa er ungdom opp til 25 år.

Ved helsestasjon for ungdom svarar me blant anna på spørsmål om kroppen, problem på skulen, forholdet til kjærast, vennskap, seksualitet, rus, røyking/snusing, graviditet, menstruasjon, prevensjon, kosthold, slanking og etevanskar, psykiske vanskar, vonde opplevingar, til dømes seksuelle overgrep, vold eller sjukdom i familien, og mykje anna.

På helsestasjon for ungdom kan ein m.a. få reseptar og anna behandling for helseproblem, prevensjonsrettleiing og prevensjon, testing med tanke på kjønnssjukdomar eller graviditetstesting. Ved akutt sjukdom, kroniske lidingar/plager, eller ved behov for meir grundig og langvarig utgreiing, behandling eller oppfølging, er det fastlege/evt. legevakt som skal nyttast.

Åpningstid/stad:

Kvar onsdag kl. 14.30 – 16.45 på Helsestasjonen i Odda, Smelteverket 61.

Kontaktinformasjon

Ungdomskontakt/-los

Ein ungdomskontakt/-los har ungdomen si sjølvkjensle og meistring i fokus og har kjennskap til kvar ein kan få hjelp dersom det er større utfordringar innan psykisk helse som treng oppfølging.Føresette kan også venda seg til ungdomskontakt/-los. Fokuset skal vera på ungdomar som treng ei ekstra støtte i kvardagen og som har samansette utfordringar. Målet er at ein skal kunne møta den enkelte ungdom på deira behov og hjelpa dei til å ta gode val for seg sjølv.Ungdomskontakten skal ha eit tett samarbeid med tenestene rundt ungdommen og kan vera eit bindeledd i oppfølgingsarbeid som krev ekstra innsats. Ungdomskontakten skal vera fleksibel i møte med ungdommen og tek gjerne turen ut av kontoret og heim til deg, eller om det er ein annan plass du ynskjer å møtast.

Ungdomskontakten er for tida berre på Hauso og Kinsarvik, samt tilgjengeleg for VGS.

Oppsummert arbeidsområdet:

  • Lågterskel
  • Førebyggja psykososiale utfordringar og fremje psykisk helse.
  • Ved å driva oppsøkande arbeid og vere tilgjengeleg i skulemiljøet vil ungdomskontakten  jobba for å fremje eit positivt læremiljø og gode oppvekstvilkår
  • Bindeledd i oppfølgingsarbeid som krev ekstra innsats – samarbeid på tvers av tenestene.
  • Bistå i undervisningsopplegg saman med skulehelsetjeneste, politi, SLT.
  • Møte den enkelte ungdom på deira behov og hjelpe dei til å ta gode val for seg sjølv.
  • Fokusområder – lavterskel – tilgjengelighet- førebygging – tverrfaglighet.
  • Årlege rusfrie satsinger Ungdomsklubb, LAN og 16 mai arrangement.

Kontaktinformasjon

Spesialpedagogisk team i barnehagane

Spesialpedagogisk team i barnehagane kan bistå barn under skulealder som har rett på spesialpedagogisk hjelp.

Om det foreligg vedtak om rett til slik hjelp kan spesialpedagogane koma på den enkelte avdeling etter avtale, eller bidra i heimen til barnet. Spesialpedagogisk team kan og bistå pedagogisk leiar med observasjon og kartlegging i barnehagen om det er barn det er knytt uro til.

Les meir om tiltak frå spesialpedagogisk team i barnehagane.

Hardanger Barnevern

Hardanger Interkommunale barnevernteneste er felles barnevernteneste for kommunaneUllensvang, Eidfjord og Ulvik.

Barneverntenesta skal bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår, ved å sikra at barn og unge som lever under forhold som kan skada deira helse og utvikling, får naudsynt hjelp og omsorg til rett tid.

Når barneverntenesta mottek ei bekymringsmelding, har dei frist på ei veke til å konkludera om det vert opna ei undersøking i familien, eller om meldinga vert henlagt. Ei undersøking skal gjennomførast innan 3 månadar. Ved endt undersøking skal barneverntenesta konkludere med om undersøkinga skal henleggjast og kontakten med familien avsluttast, om familien får tilbod om hjelpetiltak eller om det er naudsynt med tvangstiltak der barneverntenesta overtar omsorga i familien.

Barn skal bu heime så sant det er mogleg. Barneverntenesta legg alltid vekt på å finne årsakane til vanskane og drøfte dei med foreldra og barnet.

Dei aller fleste familiane barneverntenesta er i kontakt med etter endt undersøking, tar i mot frivillige hjelpetiltak. Hjelpetiltak kan  bla vera foreldrerettleiing, fritidskontakt, besøksheim og økonomisk hjelp.

Formidling av plass i fosterheim og institusjon kan og vera hjelpetiltak.

Les meir om ulike hjelpetilbod frå Hardanger barnevern her.

Barneverntenesta ser på born som aktive deltakarar i eigne liv, og i all kontakt med familiar legg me stor vekt på samtalar med barna for å få fram korleis dei opplever sin eigen situasjon.

Akuttberedskap:  97 55 85 10/97 55 85 11

Alarmtelefonen for barn og unge 116 111 (gratis)

Familievernkontoret

Familievernkontoret er eit gratis lavterskeltilbud, der par, familiar og enkeltpersonar kan ta kontakt sjølv om det er problem eller krise i familien.

Hjelpeapparatet / ansatte i skole/ barnehage kan også henvise til oss, men i samråd med dem det gjelder. Du treng ikkje henvisning for å komme til Familievernkontoret og kan ta direkte kontakt.

Alle dei tilsette har teieplikt. Samtaleterapi for par og familiar er det vanlegaste tilbodet. Familievernkontoret tilbyr òg kurs og gruppeopplegg om aktuelle familie- og samlivstema. Familievernkontoret utfører pliktig mekling ved samlivsbrot for ektepar eller sambuarar med barn under 16 år når foreldre som ikkje bur saman, ønskjer rettssak om foreldreansvar, bustaden til barnet/borna eller samvær.

Du kan heilt uforpliktande ta kontakt med oss per telefon eller epost. Merk! Du må vera forsiktig me personopplysningar om du kontaktar oss på mail. Familievernkontoret har som mål å tilby meklingstime innan tre veker frå bestiling. I andre sakar som par- og familieterapi og foreldrerettleiing har me som målsetjing at ventetida ikkje skal vere meir enn fire veker.

Par med barn vil bli prioriteret.

Les meir om kva Familievernkontoret i Odda kan tilby her.

Kommunepsykolog

Kommunepsykologtenesta er eit lågterskeltilbod til born og unge mellom 0-19 år, familiane deira, og aktuelle instansar kring bornet. Lågterskel betyr at vi ikkje krev tilvising frå lege. Vi har ein psykolog i tenesta. Arbeidet er knytt til psykisk helse og psykososiale problemstillingar. Psykologen arbeider i hovedsak med å rettleia fagpersonar som treff born og ungdom, men treff enkelte gonger born og foreldre direkte.

Alle spørsmål til kommunepsykolog skjer gjennom kontakt med helsepersonell eller tilsette i skule, barnehage, barnevern, PPT og forvaltningskontor.

Tilbodet er gratis.

Eventuelle tiltak:

  • rettleiing til personalet i barnehagen/skule, både knytta opp mot enkelte barn eller tema
  • foreldrerettleiing i gruppe med blant COS-P
  • delta på møte med personal i barnehage/skule og foreldre
  • faglege framlegg retta mot mellom anna born, foreldre, elevar, barnehagepersonal, lærarar.

BUP - Barne og ungdomspsykiatri (Helse Fonna)

BUP står for barne og ungdomspsykiatri. Dei gjev eit spesialisert tilbod innan psykiatri til barn og unge (opp til 18 år) og deira pårørande.

BUP Stord har utekontor i Odda og du kan lese mer om barn og unge sitt tilbod i BUP Stord her.

Dei har tilbod innan utgreiing og behandling av angst, åtferdsvanskar, utviklingsforstyrring og AD/HD. Vidare innan depresjon, tvangslidingar, alvorlege belastningar/traumer, autisme, sjølvmordsfare, psykose, spiseforstyrringar og skulevegring.

For meir informasjon om samhandlingsforløpet for barn og unge med psykiske lidingar trykk her.

OppMot Læringssenter

OppMot Læringssenter samarbeidar med grunnskulene i Odda, Hardanger Barnevern, Hardanger Opplæringskontor, Politihøgskolen og Pleie og omsorgsetaten.

Spesialundervisning der målsetjinga er å betre eleven sin sosiale fungering og gi eleven meistringsopplevingar. Læringssenteret legg til rette for faglege og sosialpedagogiske tiltak på ein praktisk måte. Her kan elevane finne sin veg gjennom yrkespraksis/besøk og byggje nettverk.

Ta kontakt med skulefagleg rådgjevar Marit Langås om du ynskjer meir informasjon.

E-post: marit.langaas@ullensvang.kommune.no

PPT - Pedagogisk psykologisk teneste

PPT er ein sakkyndig faginstans med eit todelt mandat. Mandatet vårt er regulert i opplæringslova og barnehagelova, og omfatter både system- og individretta arbeidsoppgåver. PPT har eit system- og individperspektiv der vi ser desse to i samanheng og medverkar til ei heilskapleg tenking i barnehage og skule.

Tiltak for eit barn eller ein elev kan like gjerne være å bedre gruppe- eller klassemiljø, gruppe- eller klasseleiing, som å setje inn individuelle tiltak knytt til barnet eller eleven åleine. PPT skal sørge for at det vert utforma ei sakkyndig vurdering der lova krev det. PPT har ansvar for barn, unge og vaksne (med rett til grunnskuleopplæring). Vi har fokus på barn og unges behov for god sosial og fagleg utvikling i barnehage og skule.

PPT har eit særleg ansvar for å støtte/hjelpe barnehage og skule i planlegging av tiltak for barn/unge med spesielle behov. Skule, barnehage og foreldre kan kontakte og evt. henvise/melde inn elevar til PPT.

Tenesta vår bidrar med:

  • Observasjon utgreiing av barn/unge og vaksne
  • Rettleiing til barnehage, skule og foreldre
  • Utviklingsarbeid og kompetanseheving for barnehage og skule
  • Sakkyndig vurdering Opplæringslova krev og sakkyndig vurdering i andre tilfeller. Dette gjeld vurdering av:
  • Tidleg eller utsett skulestart
  • Heilt eller delvis fritak for opplæringsplikta
  • Behov for tegnspråkopplæring

Tiltak for eit barn eller ein elev kan like gjerne være å bedre gruppe- eller klassemiljø, gruppe- eller klasseleiing. Tilvsning i samband med  systyemretta arbeid finn du her.

Kontktinformasjon

 

Logopedtenesta

Logopeden arbeider direkte med barn, unge og vaksne med språk-, tale- og kommunikasjonsvanskar. Tenesta arbeider indirekte i form av rådgjeving til føresette, barnehage og skule.

Dei viktigaste samarbeidspartnarane er føresette, barnehage, skule, helsestasjon og PPT.

Logopedtenesta gjev flest tenester som tilpassa opplæring.

Arbeid på individnivå kan vera direkte og indirekte – og består av:

  • Utgreiing og kartlegging
  • Undervising og Handsaming Rettleiing
  • Handsaming
  • Rettleiing

 Arbeid på systemnivå:

  • Prosjekter
  • Rettleiing
  • Kurs og kompetanseheving

Arbeidsområdene til logopedtenesta:

  • Språkvanskar
  • Språklydvanskar (Artikulasjon)
  • Taleflytvanskar (Stamming og løpsk tale)
  • Stemmevanskar
  • Språk-, tale- og svelgevansker etter ervervede hjerneskader (t.d afasi, taleapraksi, dysartri og dysfagi)

Saksgang: Det skal vera låg terskel inn til logopedtenesta. Foreldre, helsestasjon, barnehage, skule, personen sjølv kan tilvises tenesta. Dersom du er i tvil på om ei sak bør tilvisast eller ikkje, kan logopedtenesta kontaktast per telefon eller mail. NB! Dersom det er andre enn deg sjølv eller foreldre som kontaktar oss, hugs å drøfta saka anonymt.

Kontaktinformasjon

Konsultasjonsteam for vald og seksuelle overgrep

Alle tilsette i stat og kommune, som arbeide med barn og unge, og som har ei uro knytt til at ein eller flere av dei vert utsett for vald eller seksuelle overgrep, er velkomne til å drøfta uroa si anonymt med konsultasjonsteamet.

Konsultasjonsteamet driv i tillegg med opplysning og kompetanseheving på temaet vald og overgrep. Teamet tilbyr gratis kurs.

Konsultasjonsteamet er breitt samansett med representantar frå helsestasjon, politi, lokal barnevernteneste, familievernkontoret, pedagogisk Psykologisk Teneste (PPT), BUP og Krisesenter Vest. Teamet dekker kommunane i Kvinnherad og Hardanger.

Det er viktig å få fram gode lokale samarbeidsformer i sakar der det er mistanke om at born er utsett for vald eller seksuelle overgrep. Ein veit at terskelen for å ta kontakt med hjelpeapparat (barnevern/politi) i slike sakar er høg.

Målet til konsultasjonsteamet er å senka terskelen for å ta kontakt i det som er «tøffe» saker, slik at ein kan få støtte, råd og rettleiing i kva ein bør gjere. Målet vårt er at dei tilsette skal ta kontakt med oss så tidleg som mogeleg. Det er nok å ha denne uroa i magen, for å ta kontakt med teamet.

Les meir om Konsultasjonsteamet her.

Du kan ta kontakt med oss via E-post:
konsultasjonsteamet@kvinnherad.kommune.no
Skriv bare eige navn, arbeidsstad og telefonnummer, så ringjer ein av oss tilbake.

Kontaktpersonar:

Koordinator Kurt Helge Dahl; telefon 905 23 059
Hardanger barnevern: Kirsti Haara, 97 55 86 57
Kvinnherad barneverntj.: Anne Grethe V. Skarveland, 53 46 16 90
Politiet i Hardanger: Bodil Nakkerud, 53 65 15 00

Koordinerande eining

Koordinerande eining er ei tverrfagleg samansett gruppe med representantar frå helsestasjon, fysio-/ergo, rus/psykisk helse, bustad for utviklingshemma/avlastning, tildelingskontor og PPT.

Vi skal ha oversyn over det tilbodet kommunene har ift habilitering- og rehabiliteringstilbod og skal kunna hjelpa deg med informasjon, eller å setja igang og samordne hjelpetiltak. Koordinerande eining tek imot søknader om individuell plan (IP), og dessutan prøver å finna koordinator i dei tilfella dette er utfordrande. Vi har òg regelmessig opplæring av koordinatorar og hjelp til med spørsmål på systemnivå.

Alle som har behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgtenester,har rett til å få utarbeidd ein individuell plan. Planen skal berre utarbeidast dersom personen sjølv ynskjer det.

Søke IP eller andre helse og omsorgstenester?

Digital søknad

Du kan lese meir om Individuell Plan og koordinator her.

Kontaktinformasjon

Ergo og fysioterapitenesten

Ergo- og fysioterapitenesta tilbyr behandling, trening og tilrettelegging for at barn og unge skal oppleve mestring og glede i kvardagen.

Me tilbyr oppfølging på helsestasjonen, i barnehage, på skule, i heimen og ved våre lokaler. Me ynskjer å leggje til rette for at born får leike, lære og utfolde seg på sine arenaer. I samband med dette tilbyr vi rettleiing til foreldre og ansatte i barnehage og skule.

Nokre gonger kan tekniske hjelpemidler vere naudsynt og føremålstenleg for å kunne delta i ulike aktiviteter. Ergo- og fysioterapeut kan hjelpe til med utprøving og søknader ut fra behov.

Tenesta deltek  i ”God skulestart”, eit tverrfagleg førebyggjande arbeid retta mot alle 1.klassane i kommunen. (Avventar avklaring om evntuelle endringar frå hausten 2020)

Skjema førespurnad til ergoterapitenesta

Skjema for førespurnad om fysioterapi

Fysioterapi er gratis for born opp til 16 år.

Frå 1.1.18 treng ein ikkje lengre tilvising frå lege til fysioterapi. Ein kan ta direkte kontakt med fysioterapitenesta.

Kontaktinformasjon

Rettleiar NAV i vidaregåande skule

NAV-rettleiaren kan hjelpe med utenomfaglege utfordringar og samarbeidar med lærar, rådgjevar, helsesøster mm. Rettleiar er på Odda Vidergåande 4 dagar pr. veke.

Gjennom tett oppfølging av elev og samarbeid med skule og NAV vil ein i den grad det let seg gjere tilrettjeleggja for å hindre Drop-out på vidergåande.

Rettleiarane kan treffast i aulaen for ein uformell prat eller du treff dei på kontoret sitt på Odda Videregåande skule. Du kan og avtale time på SMS.

Les meir om tilbodet her.

Kontaktpersonar:

Hege Hansen Lillestraum, Telefon: 412 92 782

E-post: hege.hansen.lillestraum@nav.no

Katrine Måkestad Vines, Telefon: 412 92 301

E-post: katrine.makestad.vines@nav.no

Tidleg Ute

Bakgrunn:

Prosjekt «Tidleg Ute» blei oppretta i januar 2015 med formål om å hindre rusbruk blant unge i distriktet – Med eit forpliktande avtalt tverrfagleg samarbeid mellom NAV Odda, Hardanger Lensmannsdistrikt og Hardanger Barnevern. Årsaka til opprettinga av dette prosjektet var med bakgrunn i økning av unge stønadsmottakarar i alderen under 30 år. Det var utfordrande og følge dei opp, og brukargruppa var svært unnvikande. Samstundes var det kjent at fleire i denne aldersgruppa nytta illegale rusmidler, og var på vei inn i rusmiljøet. I den samanheng inngjekk dei ulike etatane eit samarbeid for å forsøke og hindre den negative utviklinga. Evalueringa og styringsgruppa var SLT – der SLT-koordinator var øverste leiar.

 

Fram til 31.12-2019 har Prosjektet fungert godt, og arbeidsgruppa har vokst og fått fleire samarbeidspartar. Prosjektet kan visa til fleire positive resultat. Arbeidsmetodane som har vore nytta er bekymringssamtalar, urinprøvekontraktar, aktivitet/tiltak, oppsøkande arbeid.

 

Pga. ny kommune og organisering er «Tidleg Ute» ikkje lenger eit prosjekt. Årsaka til denne avgjersla er at både Politirådet og SLT no har litt andre rollar enn tidlegare. Politirådet sitt arbeidsområde vil vere meir på makronivå, SLT- mesonivå, medan «Tidleg Ute» vil vere på mikronivå. Målet er at alle skal ha moglegheit for same tilbud som tidlegare, om ikkje betre. Dei enkelte skulane vil kvar og ein bli inkludert i arbeidsgruppa, og målet er å vere oppsøkande og tilgjengeleg til ei kvar tid.

 

Målgruppe:

Unge i alderen opp til 24 år. Evalueringen av alder blir tatt etter kvart, og det vil alltid tas ei skjønnsmessig vurdering om behovet for oppfølging er tilstades.

 

Formål:

Hindre rusbruk blant unge i distriktet – Med eit forpliktande avtalt tverrfagleg samarbeid med dei ulike etatane i arbeidsgruppa.

Kven er med i Tidleg ute?

Struktur:

Tidleg Ute har møte tysdag kvar. 4. veke frå kl. 08.30 – 10.00.

Innhaldet i møtene er bekymringar kring ungdom i distriktet. Der dei ulike etatane presenterar og legg fram bekymringen – før det bli avgjort kven som gjer kva. Målet er låg terskel for kontakt og iverksette tiltak på eit tidleg tidspunkt.