Trygt og godt barnehagemiljø

Alle barn i Ullensvang kommune skal oppleva tryggleik og inkludering når dei er i barnehagen. Barna skal bli lytta til og tatt på alvor. Alle vaksne har eit særleg viktig ansvar her. Eit ansvar som inneber at ein må være aktivt tilstades i leik og samspel med barna, ha kompetanse om kva ein skal observere, ”ta grep” og sette i verk tiltak på eit tidleg tidspunkt.

Melde frå til barnevernet – kva skal barnehagen gjere?

Alle som er ansatt i barnehagen har ei plikt til å fylgje med og melde til barnevernet om dei ser noko som kan vere skadeleg for barnet.

Ullensvang kommune som barnehageeigar og styrarane er ansvarleg for at alle ansatte kjenne til regelverk og rutinar rundt meldeplikt til barnevernet.

Skjema for bekymringsmelding til Hardanger Barnevern.

Barnehageteam PPT

PPT har eit eige lågterskeltilbud for barnehagane. Barnehageteamet hos PPT har satt av tid for drøfting av innmeldte saker, både individ og system.

Kvar onsdag i partallsveker er det mogleg for barnehagane å melde inn saker de ønsker å ta opp.

Saka skal drøftast anonymt, men foreldra må ha gitt samtykke.

Drøftinga er enten via video eller oppmøte på PPT kontoret. Vi set av 45 minutter til kvar sak.

Sjå vedlagd informasjon om tilbodet.

Skjema for drøfting av individsak i barnehageteam PPT.

Plan mot mobbing

Ullensvang kommune har fokus på førebygging og tidleg innsats.

Handlingsplan mot mobbeadferd i barnehagen er ein del av beredskapsplanen som er utarbeidd for barnehagane i Odda kommune (revidert 11.01.2019). Det vil kome ny handlingsplan for barnehagane i Ullensvang kommune, men fram til da er denne gjeldande. Planen gjev informasjon til foreldre, tilsette i barnehagane og andre instansar om korleis ein førebyggjer og handterer mobbeadferd.

 

Tør vi snakka om at mobbing skjer i barnehagane våre?

Rammeplanen for barnehagen er tydeleg: «Barnehagen skal legga til rette for foreldresamarbeidet og god dialog med foreldra». Dialogmodellen er førebyggande arbeid mot mobbing, her ligg det rettleiing og forslag til spørsmål om du skal ha ein dialog med barn, foreldre, foreldregruppa eller ein kollega, og det ligg og andre ressursar lett tilgjengelig.

 

Et eksempel er dialogmøtet; For at barn skal oppleva seg som ein viktig deltakar i fellesskapet må foreldre og tilsette ha ein god dialog. Dialogmøte er eit verkty for å lykkast i dette arbeidd.

Når foreldra ikkje bur saman

Det kan i enkelte tilfelle vera vanskeleg for dei tilsette i barnehagane å vita korleis dei skal forhalda seg til foreldre som ikkje bur saman. I dette heftet har vi samla opplysningar for å sikreat barnehagane har kunnskap om innhaldet i omgrepa foreldreansvar, fast bustad og samværavtale. Denne kunnskapen er ein naudsynt betingelse for at barnehagane skal kunna oppfylla sin informasjons-, rettleiings- og tagnadsplikt i tilhøve til skilde foreldre.

Barnehagane ved pedagogisk leiar eller styrar må i samarbeid med aktuelle foreldra fylla ut skjemaet «Foreldre som ikkje bur saman». Det vil gje barnehagen eit oversyn over kva for avtaler foreldra har.

Barnehagen har rutiner for å innhenta informasjon om foreldreansvar for barna i barnehagen. Dette gjer de ved å nytta skjemaet «tillatelser og opplysninger om mitt barn i barnehagen.» 

Minoritetsspråklege barn i barnehage

I august 2017 utarbeidde Ullensvang herad ein plan for arbeid med minoritetsspråklige barn i barnehage. Planen var ein del av heradet sin plan for Tidlig innsats. Skal borna få høve til å utvikla det norske språket i samhandling med andre born i eit godt språkstimulerande miljø, er det ein del ting barnehagen må tenkja gjennom.

Denne planen har som føremål å gje konkrete råd i arbeidet med minoritetspråklege barn i barnehagen, der målet er

  • Å gje born med ein anna språkbakgrunn enn norsk høve til å læra norsk raskast mogleg, slik at dei kan kommunisere med andre barn og vaksne
    – At borna kan bruka norsk i leik med andre born
    – At dei forstår daglegdagse ord og uttrykk og begrep, og kan bruka dei
    – At dei kan uttrykkja kjensler, ynksjer og behov på norsk

 

 

 

Skjema

Aktuelle skjema: