Trygt og godt skulemiljø

Alle elevar i norsk skule har etter § 9A i Opplæringslova rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Den enkelte elev skal ha eit miljø der dei ikkje blir utsette for krenkjande ord eller handlingar.

Handlingsrettleiar ved melding om mobbing eller trakassering

Dei tilsette i skulemiljøet har eit overordna ansvar for å førebyggja og vera observante vaksne i samvær med elevane.

Kvar enkelt skule har si eiga plan ved melding om mobbing og trakassering, men har ein felles handlingsrettleiar kor nivå og steg frå BTI-rettleiaren er synleggjort.

Handlingsrettleiaren finn du her.

Skjema:Tiltaksplan/aktivitetsplan

I følge Opplæringslova §9A-2 har alle elevar rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Skulen skal sørgje for at involverte elevar blir høyrde. Kva som er best for elevane, skal vere eit grunnleggjande omsyn i skolen sitt arbeid.

Skulen skal lage ein skriftleg plan i visma flyt skole når det skal gjerast tiltak i ei sak. I planen skal det stå:

  • kva problem tiltaka skal løyse
  • kva tiltak skulen har planlagt
  • når tiltaka skal evaluerast
  • når tiltaka skal gjennomførast
  • kven som er ansvarleg for tiltaka

TO-team PPT

PPT har eit eige lågterskeltilbud for skulane. TO-teamet hos PPT har satt av tid for drøfting av innmeldte saker, både individ og system.

Kvar tysdag i oddetalsveker er det mogleg for skulane å drøfte saker som er meldt inn på førehand.

Saka skal drøftast anonymt, men føresette må ha gitt samtykke.

Drøftinga skjer i digitalt møte.

Sjå vedlagt informasjon om tilbodet.

Skjema for drøfting av case i TO-team

Bekymring rundt fravær

Ullensvang kommune har utarbeidd retningslinjer for skulane når det gjeld rutinar for oppfølging av fravær. Skulane skal kjenne til og følge opp rutinane ved eigen teneste.

Handlingsplanene ved bekymring rundt fravær 1.-10. klasse gjeld alle grunnskulane i Ullensvang kommune og synleggjer nivå og steg i BTI-rettleiaren.

Handlingsplanen inneheld og moment til bruk ved samtale med elevar og føresette ved skulefravær.

God skulestart

God skulestart er eit tverrfagleg førebyggjande arbeid retta mot alle 1. klassingar.(Avventar avklaring om evntuelle endringar frå hausten 2020)

I tillegg til ein koordinator består teamet av rådgiver ved PPT, helsesøster, ergoterapeut og fysioterapeut i samarbeid med administrasjon og pedagogisk personell i skolen.

Oppgåve
Bidra til å skape ein best mogleg skulekvardag for alle ved å observere og avdekke utfordringar på gruppe og individnivå. Foreslå og setja igang tiltak i løpet av det første skulehalvåret til elevane.

 

Opplæring av minoritetsspråklege elevar

I august 2017 utarbeidde Ullensvang herad ein plan for opplæring av minoritetsspråklege elevar. Planen var ein del av heradet sin plan for Tidlig innsats. Planen for opplæring av minoritetsspråklege elevar, er meint som hjelp både til å kunna ta i mot nyleg komne elevar, måtar å organisera opplæringa og undervisingsmetodar som kan nyttast i andrespråks-opplæringa. Det er tatt med tips til læringsaktivitetar. Planen byggjer på praksis som har vore prøvd ut og brukt i fleire år i heradet.

Skal borna få høve til å utvikla det norske språket i samhandling med andre born i eit godt språkstimulerande miljø, er det ein del ting skulen må tenkja gjennom. Det er viktig at born som lærer norsk som andrespråk, kjem raskt i gang med tilbodet. Sjølv om borna
har gått i barnehage kan dei ha behov for ei anna opplæring enn majoritetsspråklege elevar. Når læraren møter dei nye elevane vil han kunna danna seg eit bilete av språkkompetansen til borna gjennom samtale og leik.

Opplæringslova § 2-8 regulerer opplæringa i norsk for språklege minoritetar. I særskild språkopplæring får elevane opplæring i norsk språk. Dette både for å læra eit nytt språk, men òg for å læra språket det vert undervist på i alle fag. Dei må læra språket som opplæringa føregår på. Eit
slikt akademisk språk krev mange år med norsklæring.

Minoritetspråklege elvar - særskilt språkopplæring - kartlegging

Kartlegging av norskferdigheiter er viktig for å vurdera om eleven treng særskilt språkopplæring.

Udir har utvikla eit kartleggingsverktøy til læreplanen i grunnleggjande norsk.

Kartleggingsmateriell, nynorsk

Kartleggingsmateriell, bokmål

Samarbeid mellom skule og barnevern - ein rettleiar

Bufdir har utarbeidd ein felles rettleiar for skulen og barnevernet for å gjera tydeleg dei områda der det er særleg sentralt med samarbeid til beste for kvart enkelt barn.

Målet er at alle barn som får hjelp og støtte frå barnevernet fullfører vidaregåande opplæring og vert integrert i arbeids- og samfunnslivet. For å sikra at barn med tiltak frå barnevernet får ei god omsuts- og skulesituasjon, er det avgjerande at skulen og barnevernet har eit godt og gjensidig samarbeid preget av tillitt, åpenhet og respekt. Dette krev at dei har kunnskap om kvarandres oppgåver, lóvar, ansvar og roller.

Skjema

I Visma Flyt skule ligg det ulike skjema som fyllast ut her . På denne måten blir riktig mal fylt ut. Dette gjeld skjemwa som:

  • Aktvitetsplan etter Opplæringsloven § 9A-4 – dette er ein tiltaksplan når en elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø (§9A-2).
  • Forespørsel om sakkyndig vurdering – Skjemaet skal fyllast og printast ut, signerast av føresette og sendast inn til PPT.
  •  Samtykkeerklæring overføring av opplysningar – blir brukt ved overgangar. Skjemaet må skrivast ut og føresette samtykke i at opplysningar om eleven kan delast mellom einingane/tenestane, det kryssast av på kva teneste som er aktuelt å inkludere.
  • Tilvisning PPT – Brukes ved tilvisning til PPT, blir oppretta av kontaktlærar eller skuleledelse, skrevet ut og signert av føresette. Sendast så inn til PPT

Andre aktuelle skjema: